Eg kom me et forslag te PO'en, at i år konne me kjøba tur te kvarandre i julagave. Det va ein goe idè, syns'an! Så me bestilte oss ein tur te Berlin.
Berlin va fint i slutten av november. Å spesielt siden me fekk strålane sol nesten heila tiå. Det så va kjekkast va at me fekk me oss åbningen av alle de flotte julamarkedene så e der, på kvert et hjørna faktisk. (Me va på markedene på Alexanderplatz, Laubinger å Gendarmenmarkt.) Nesten alle va fine og. Der va et så ikkje såg så fint ud, å der ville eg ikkje gå inn...
Me låg strategisk te, midt på Alexanderplatz. Det va (nesten) gåavstand te alt. Å fra hotellet (det høga bygge i det litla bilde nederst te venstre) konne me gå te fjernsynstårnet på to min.!
Me va me Brandenburger Tor (eg såg ikkje heilt det stora me det då, ignorant). Det e ikkje så kaldt så det ser ud som på ein visse.
Men likte godt hest å kjerrekortesjen så sto der, å spesielt honden me bøssa bagpå ryggen. Då blei min oppmerksomhed vekkt.
Nå har det seg sånn at eg ikkje fekk såva så godt på mårningane, å når kl. va 0630 fant eg veien te treningsromme på hotellet. Her freste eg fra meg på div. maskinar.
Den eine mårningen va eg heilt aleina, å hadde me meg min litle Samsung TAB. Eg hadde ikkje øyreklokkene me, så eg spelte musikk for halva hotellet. Itte 20 min. så fekk eg selskab. Nå har det seg sånn at e du fyst på trening, å har satt på någe, feks. nyhedene (på tysk), e det ikkje akkorat det fysta du gjør å gå å bytta kanal eller någe. Personligt syns eg det e drid, så eg følte meg forplikta te å vera litt høflige.
"Ekskjus mi, is it okei at eg have the musik on??"
"Entschuldigung, was hast du gesagt??" (ta tysken min me ei klyba salt)
"Is it okei to have my music on?" Pege litt på TABbå.
Nå seie maen ein heile masse å komme bort te elipsemaskinen å kikke jysla, så eg tar den, han forsto ikkje heilt ka det va eg ville fram te, å trodde det va någe gale me apparatet eg trødde iherdigt på.
Eg pege på TABbå, på øyrene, å seie i "slow motion" -
"Is it okei to have my music on?" (nå tror eg at eg e verdensmester i engelsk, for maen snakke tydligvis bare tysk, så brife i vei - o'enfoldige)
Det går et lys opp for maen!!!
Tar seg te øyra - å seie-
"Ich kann nicht hören!"
Eg dødde litt då!
Men turen va jo fine for det om at eg av å te dride på draget....
Eg fekk gå på Egyptisk museum - elsk!
Paul fekk se på bilar....
Me hadde masse godt å drikka...
Glüweinen va fantastiske!
Markedene idylliske...
Å eg blei kalt ein "schöne weiser engel" av ei herlige (gammale brillefine) dama. Å så fant me ud at der me kjypte den kvide glüweinen hadde det sama navnet.
Det e godt at eg jore et godt inntrykk på hvertfall ein tysker!
PS! Kver gang eg prøvde å snakka tysk, himla di me øyene å sporte om eg konne snakka engelsk!
Forstår'kje det der heilt....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar